Vacancies

Arkitekt søkes til Hardangerkontoret

miejsce pracy
Odda
termin nadsyłania zgłoszeń
2020-04-15
stanowisko
stały
Typ
konsultant

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.

Vi har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor. Me har arbeidsstader i Odda,  Eidfjord og på Voss.

Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Vi søkjer etter unge, kreative og engasjerte sivilarkitektar med fagleg engasjement og arbeidsglede.

Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera:

  • Planlegging og prosjektering av alle typar arkitektoppdrag, frå store offentlege til mindre private bygg
  • Illustrasjonar og presentasjonar
  • Byggdetaljar og spesifikasjonar
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Prosjekt- og oppdragsleiing
  • Synfaringar og oppfylgjing på byggeplass
  • Kontakt/kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne
  • Markeds- og tilbodsarbeid
     

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i arkitektur
  • Stort fagleg engasjement og interesse for planlegging av våre fysiske omgjevnader
  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling
  • Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Kunnskap innan digitale verktøy og 3D modellering; ArchiCad/Revit/AutoCad.
  • Vera positiv og kreativ

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Aktivt fagnettverk med jevnlege samlingar

  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur

  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 4 400 medarbeidere som er stasjonert på 113 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

kontakt

Zdjęcie profilowe Ivar Tveito Eidnes
Ivar Tveito Eidnes
Avdelingsleder Hardanger