Vacancies

Avdelingsleiar Voss

miejsce pracy
Voss
termin nadsyłania zgłoszeń
2020-04-20
stanowisko
stały
Typ
operatorzy

Norconsult Hardanger og Voss søkjer avdelingsleiar til vår avdeling på Voss.

Vår avdeling på Voss er ei tverrfagleg avdeling med hovudvekt innanfor faga; arkitektur, plan, geo-fag, vatn/avløp, VVS og akustikk.

Samarbeid på tvers av fagområde og mellom kontor, avdelingar og grupper internt i Norconsult vil vere ein vesentleg del av kvardagen. Stillinga inngår i Norconsult Hardanger og Voss si leiargruppe og rapporterer til kontorleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Strategi- og forretningsutvikling. Bidra i kontoret si leiargruppe
  • Bidra til vidare oppbygging og utvikling av avdelinga
  • Budsjett og resultatansvar for avdelinga
  • Kunde- og marknadskontakt
  • Tilbodsarbeid og tilbodsleiing
  • Personalansvar. Utvikle og ta vare på medarbeidarane, både med omsyn til kompetanse og kapasitet
  • Ressursstyring og rekruttering
  • Oppdragsleiing, fag- og disiplinansvar i oppdrag
  • Planlegging og prosjektering innanfor ditt fagområde
     

For oss er det viktig at du:

  • Har relevant teknisk utdanning, gjerne innan eit av fagområda for avdelinga
  • Har erfaring frå fagleg arbeid i prosjekt
  • Har leiarerfaring frå personalleiing eller prosjektleiing, frå tidlegare arbeidsforhold, eller eit sterkt ynskje om å utvikle deg i ei leiarrolle
  • Har omsorg for medarbeidarar
  • Er flink til å formulere deg både muntleg og skriftleg
  • Er sjølvgåande, strukturert og likar å ta initiativ
  • Er motiverande, tillitsskapande og nytenkjande
  • Har gode kommunikasjonsevner, er løysingsorientert og er ein lagbyggjar
  • Er ein ærleg rollemodell som etterlever bedriftskulturen vår i ord og handling
  • Er marknadsorientert, og har godt kontaktnett med kundar


Som avdelingsleiar får du:

  • Leie ei fantastisk gruppe med dyktige fagfolk
  • Verta ein del av ein sterk bedriftskultur prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Delta i interne leiarutviklingsprogram/leiarforum

Innsending av søknad

Kan dette vere interessant for deg? 

Ta gjerne kontakt med kontorleiar Endre Lægreid, tlf: 957 58 806, for nærmare informasjon.

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 4 400 medarbeidere som er stasjonert på 113 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

kontakt

Zdjęcie profilowe Endre Lægreid
Endre Lægreid
Kontorleder