Vacancies

Rådgjevar geoteknikk

miejsce pracy
Voss
termin nadsyłania zgłoszeń
2020-11-08
stanowisko
stały
Typ
konsultant

Fagmiljøet i geoteknikk består av om lag 70 rådgjevarar i Norge. Fire av desse har kontorplass på Voss/Hardanger, og me ynskjer å styrkja dette miljøet for å dekkja den stadig aukande etterspurnaden på Vestlandet og resten av landet.

Me er i dag åtte medarbeidarar på Voss innan faga akustikk, VVS, VA, arkitektur, plan og geoteknikk. Voss er ein del av eininga Hardanger og Voss med over 30 medarbeidarar på kontorplassane Odda, Eidfjord, Rosendal og Voss.

Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektering/rådgjeving i alle fasar
  • Oppdragsleiing
  • Utarbeiding av spesifikasjonar
  • Synfaring og oppfølging på anlegg
  • Deltaking i marknadsarbeid, tilbod og kundepleie

For oss er det viktig at du:

  • Har bachelorgrad eller høgare, helst innan geoteknikk
  • Har minst 3 års erfaring frå geoteknikk
  • Har interesse og engasjement for faget
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har god evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Voss:

På Voss kan du dyrka dine fritidsinteresser i blant anna to av Noreg sine største alpinanlegg eller i oppkøyrde langrennsløyper. Her kan du gå på fjellet, jakta, fiska eller driva med ekstremsport. Me har eit rikt kultur- og aktivitetstilbod med blant anna Vossajazz og Ekstremsportveko. Voss er ein god plass å bu med korte avstandar og mange gode og trygge møteplassar.

Innsending av søknad:

Ta gjerne uforpliktande kontakt med avdelingsleiar Frode Atterås tlf. 92 40 76 88. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Norconsult er Noregs største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er heileigd av våre over 4 400 medarbeidarar som er stasjonert på 113 kontor over heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

kontakt

Zdjęcie profilowe Frode Atterås
Frode Atterås
Avdelingsleder Kontor